– Brudd er ikkje løysinga

 IKKJE BRUDD: Å seia frå seg vigselsretten er ikkje den beste løysinga nå, meiner generalsekretær Karl Johan Hallaråker(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Vilhelm Viksøy   – Bør vi boikotta staten på dette feltet? Bør vi ta skeia i eiga hand i kyrkje og forsamling? er mellom dei spørsmåla generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, prøver å gje svar […]

  
IKKJE BRUDD: Å seia frå seg vigselsretten er ikkje den beste løysinga nå, meiner generalsekretær Karl Johan Hallaråker
(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Vilhelm Viksøy

 

– Bør vi boikotta staten på dette feltet? Bør vi ta skeia i eiga hand i kyrkje og forsamling? er mellom dei spørsmåla generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, prøver å gje svar på i ein kronikk tysdag denne veka. Ei privatisering av ekteskapsinngåinga er noko han ser på med bekymring.

– Eg tilstår at eg er redd konsekvensane av slik privatisering. Vi bør heller nå legga vinn på å halda på den offentlege kristne ekteskapsinngåinga i kyrkje og trussamfunn. Nå er ikkje tida til å seia frå seg den offentlege vigselsretten og tru at ein kan løysa problema innan kyrkjeretten, skriv Hallaråker i kronikken.

 

– Ikkje gyldig

Dersom staten held det den har lova skal ikkje kyrkje og tvingast til å via homofile. Det skal dei avgjera sjølv, påpeiker Hallaråker.

 

– Om ein får solovigsler i kyrkjeleg regi, er dei faktisk ikkje gyldige etter staten si forståing. Det er prinsipielt viktig. Difor vil min hovudstrategi nå vera å kjempa for at først og fremst Den norske kyrkja ikkje vedtek endring.

– Difor meiner eg strategien nå er å støtta Kyrkjerådsleiaren som har vore svært positivt tydeleg om ikkje å endra liturgien på dette feltet!

 

To vegar

Dersom Den norske kyrkja skulle gjera ubibelsk fleirtalsvedtak og endra bibelsk ekteskapslære, kan derimot bruken av vigselsretten i Den norske kyrkja bli meir problematisk framover, innrømmer Hallaråker. I så fall ser han for seg to løysingar, anten å kombinera vigselsretten med klar tale om bibelsk ekteskapsforståing i (andre?) trussamfunn, eller å inngå ekteskap ”statleg” for den offentlege og juridiske sida, og så ha ei markering i den truande forsamlinga med klar forkynning om bibelsk ekteskapsforståing og kristen forbønn for dei nyvigde.

 

Staten er viktig

For i kampen mot staten si nye ekteskapsforståing, er det viktig for Halaråker å halda fast ved saten sitt prinsipielle mandat som stat, jfr. Rom.13.

– Bibelen gir staten eit prinsipielt mandat som heilt klart ikkje er avgrensa til ein kristen stat eller ein stat som etterkjem kristne sine vurderingar. Difor åtvarar eg mot å undergrava staten som stat i kampen for å få tilbake ekteskapet mellom mann og kvinne.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.